BY OG LAND

 

Vil bruke 29 mrd. på betre bymiljø

 

Les mer

Arbeidet med Miljøløftet blir leia av ei styringsgruppe. Frå v. fylkesmann Lars Sponheim, fylkesordførar Anne Gine Hestetun, byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti, jernbanedirektør Kirsti Slotsvik og (lengst til h.) vegdirektør Terje Moe Gustavsen, som leiar gruppa. Med på bildet er også byrådsleiar Harald Schjelderup (nr 2 frå h.).

Miljøløftet er ei storstilt satsing på betre miljø i Bergen. Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og staten vil bruke 29 milliardar kroner slik: 
• betre og tryggare vegar
• utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane
• auka satsing på buss, sykkel– og gangvegar 

Slik kan det bli seende ut når det kollektive knutepunktet på Paradis er ferdig utbygget.


Stortinget har vedtatt at veksten i persontransport i dei ni største byane i Norge skal skje med kollektiv, sykling og gåing. For kollektivprosjekt skal staten yte 50 prosent av investeringskostnaden, til dømes for Bybanen til Fyllingsdalen. 

Bompengar i Bergen skal gi inntekter på 1 milliard kroner kvart år. Fylkeskommunen skal medverka med 225 millionar kroner og dessutan drive kollektivtrafikken med årlege tilskot. 

Elektriske køyretøy skal betale bomavgift når dei utgjer meir enn 20 prosent av køyretøya som passerer bomringen. Det er rekna med at dette vil skje i 2019.

For heile perioden vil 6,1 milliardar kroner av bompengane å til Bybanen. Det medfører at bompengeandelen for Bybanen er ein femtedel av dei totale investerings-kostnadane. 

Les meir om Miljøløftet her:
www.vegvesen.no/vegprosjekter/byvekstavtalebergen

 


Visste du at...

de fleste frokostmøtene er gratis for medlemmer i Bergen Næringsråd?

Miljøløftet i 2018: 
• Byggestart for Bybanen til Fyllingsdalen
• Innføring av permanent bysykkelordning i Bergen
• Kong Oscars gate blir ferdig oppgradert 
• Ny gang- og sykkelbro på Nygårdstangen ferdigstilles
• Nye sykkelveier åpnes i Bjørgeveien
og Salhusvegen 
• Nytt kollektivfelt i Hesthaugveien 
• Sykkelstamveg delstrekning Minde
Alle-Fabrikkgaten

 

 

 

 

Miljøløftet de kommende år: 
• Bybanen til Fyllingsdalen ferdigstilles 2022
• Sykkelstamveg delstrekning Kristianborg - Sentrum
• Sykkelstamveg delstrekning Sandvikstorget - Glassknag
• Sykkelstamveg delstrekning Lagunen-Skjoldskiftet
• Gyldenpriskrysset - Carl Konowsgt, kollektiv
og sykkelløsning 
• Åsane terminal, kapasitetsutvidelse 
• Olav Kyrres gate, oppgradering kollektiv og gatebruk
• Sykkelløsning Nordnes

Miljøløftet de neste ti årene: 
• Bybanen til Åsane 
• Bymiljøtunnel / trafikkløsning sentrum
• Ringveg Øst
• Høykvalitets kollektivløsning mot vest
• Fortsatt satsing på gang- og sykkeltiltak
• Stort fokus på arealbruk