BY OG LAND
 

Sotrasambandet: Nye 6 år i kø


I meir enn 10 år har næringslivet i regionen kjempa mot køar og for Sotrasambandet. I vår bestemte endeleg regjeringa at Sotrasambandet skal realiserast. Prosjektet har ein kostnad på 10 milliardar kroner, med anleggstart i andre halvår 2020. Men framleis blir det minst seks nye år i kø før det nye sambandet kan opnast. 

 

Les mer

– Dagens Sotrabru vart bygd i 1972 for å ta unna 12.000 bilar. No er det langt over 30.000 bilar kvar dag, og næringslivsklyngene på Sotra tapar pengar i kø kvar einaste dag.  Det er like før det stoppar heilt opp, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen på Coast Center Base (CCB) på Ågotnes. 

 

Eit stort hinder for vekst
Heile næringslivet slit med at det er store køar både morgon og ettermiddag. Og CCB merkar det ekstra godt, fortel Andreassen: 
– Vi har også stor aktivitet på Mongstad, og mykje trafikk fram og tilbake mellom dei to aktivitetsområda våre.  Og det som ikkje går til Mongstad, går via Bergen, så brua blir eit stor hinder for vekst. Tida i kø gir også ekstra kostnadar i høve til våre konkurrentar andre stader på Vestlandet og Norge. Spesielt ettermiddagskøen er slitsam. Og ettersom vi no også er i ferd med å byggja opp verftsdelen og vedlikehald på plattformer, forventar vi store volum i åra som kjem. 

– Det er så kritisk no at enkeltaktørar ikkje orkar meir og er i ferd med å flytta frå Sotra. Det vil vera øydeleggjande for næringslivet i hele bergensregionen, seier Kurt Rune Andreassen, administrerande direktør ved CCB på Ågotnes.

 

Lengtar mot 2024
– Det er svært positivt at regjeringa har vedtatt at Sotrasambandet skal i gang. No ser vi fram mot ferdigstilling om seks år, og håpar staten held tidsskjema. Det er så kritisk no at enkeltaktørar ikkje orkar meir og er i ferd med å flytta frå Sotra. Det vil vera øydeleggjande for næringslivet i hele bergensregionen, seier Andreassen. 

Når vi les omtalen av vegen i statsråd Ketil Solvik-Olsen si utgreiing, skjønar vi kvifor dette hastar: «Dagens rv 555 er ein tofelts veg med varierande standard. Transportsystemet er svært sårbart med dagens bru som einaste tilkomst til kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Desse kommunane har omfattande næringsliv i olje– og gassektoren, mellom anna Ågotnesbasen og Stureterminalen.

Med ein årsdøgntrafikk i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det store køproblem også for kollektivtrafikken. Sotrabrua er smal og utan tilfredsstillande tilbod for gåande og syklande.»


”Gjennom historien har Bergen Næringsråd vist at de har en enorm påvirkningskraft.”


Inge Bauge, daglig leder Byggmesterforbundet Vest