BY OG LAND

 

Vestlandet
må samlast


Næringsforeningane på Vestlandet jobbar for at Vestlandet skal samlast og bli det største og sterkaste fylket i Norge. Vi har naturressursane, vi har dei sterkaste næringane, vi har teknologien, vi har viljen. Men vi har også dei mest stolte og strie folkeslaga, derfor tar det tid.

 

Les mer

I Hafrsfjord i Rogaland vart Norge samla på 800– tallet, og sidan har Norge vore eit rike. Likevel klarte vi ikkje å samle Vestlandet då slaget om regionsreforma stod i 2017 og 2018. Usemje om makt og posisjonar og statlege bidrag medførte at politikarene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje vart samde. Dermed får vi store regionar i andre delar av Norge, medan vi framleis blir to knøttefylke som konkurrerer her i vest.


Vestlandet er god på alt Norge treng: Energi, shipping, sjømat og turisme og kapital. Alt det norske politikarar trekkjer fram kvar gong dei har internasjonale gjester og skal fortelja om alt vi er stolte av her i landet. Vestlandet er også framifrå sterkt på kompetanse, verdiskaping, kapital og eigarstruktur. Vi er den klart største eksportregionen og medverkar relativt sett mest til fellesskapets velferdsgoder.

 

Den beste måten å få samla Vestlandet på er å forsterka infrastrukturen, meiner Atle Kvamme, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd.


Den beste måten å få samla Vestlandet på er å forsterka infrastrukturen. No er det lagt til rette for at vegnettet mellom Stavanger og Bergen kan bli oppgradert og med firefelts veg på plass til 2028.  Når det tar to timar å køyra Bergen– Stavanger med bil eller buss, har vi allereie blitt ein bu– og arbeidsregion og ein pendlarregion. 

Vårt mål er at Vestlandet også skal bli ei felles politisk eining parallelt med at Rogfast og Hordfast opnar i slutten av 2020– åra. 

Atle Kvamme, næringspolitisk sjef
Bergen Næringsråd

 


Visste du at...

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har
nesten 1.1 millioner innbyggere?



Tre på
Stortinget
 

Magne Rommetveit, Ap

No har dei to trønderfylka slått seg saman til eitt Trøndelag, og ein får eitt Agderfylke. På Austlandet får ein Innlandet, for ikkje å snakka om fylket Viken med 1.2 millioner innbyggjarar. Det er klart vi i vest også då må samla oss, vi som har så mykje til felles frå før. Her må Rogaland også med!

Helge Andre Njåstad, Frp

Viktigast av alt for Vestlandet er no å få bygd ferjefri E39 og samarbeida om dette. Då er eg trygg på at debatten om eitt fylke, éin region, vil pressa seg frem. Dette treng vi som ei motmakt til Oslo. 

Ove Trellevik, Høgre

Når Vestlandet ikkje vart samlet til éin region i fylkeskommunal forstand i første runde, så må vi ikjke la det bli ein hemsko for næringslivet som har ivra for eitt samla Vestland. Næringslivet på Vestlandet står sterkt. Klarar næringslivet å regionalisere seg for å skapa konkurransekraft, ja, då klarar også politikken det. Men det tar litt lengre tid.
 



Gulatinget femna heile vestlandskysten, slik også ein stor region må gjera det. Biletet er frå Tusenårsstaden Gulatinget,
ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden. Foto: Elin Halrynjo, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane


Derfor treng vi eit større vestlandsfylke

• Regionen mellom Bergen og Stavanger vil bli det største kraftsenteret i Norge med over 1,2 millionar menneske. 
• Vi treng å vera attraktive for å tiltrekkja oss kompetent arbeidskraft. Unge menneske vil bu der dei finn infrastruktur, kultur, fritidstilbud og utdanning.
• Eit sterkt vestland vil også få auka statlege overføringar til viktige samfunnsoppgåver, og vil vera ein pådrivar for at fleire statlege arbeidsplassar blir lagt til regionen. 
• Norge treng lik organisering av ulike offentlege funksjonar:
- Helseregion
- Politiregion
- Utdanning og forskning
- Politisk region
- Beredskapsregio