BY OG LAND

 

Bygg Nordhordlandstunnelen – nå!

Underteikna er bebuar i nordre del av Åsane, og har gjennom tiår etter tiår delt folk sin stigande frustrasjon over at ingenting skjer med vegen gjennom bygdene våre. 
 

Les mer

På deler av vegstrekket nord i Åsane er breidda under 6 meter, inklusive dei kvite stripene, skriv Jørund Vandvik. Han har målt sjøl, tidleg ein søndag morgon.

For mange har frustrasjonen toppa seg ved innføring av den ytre bompengeringen i Åsane, der bygdefolket i Haukås, Breistein, Hylkje og Hordvik må gjennom ringen for å komma til ungdomsskular, kjøpesenter, lege, kyrkje, gravplass, kulturtilbod og idrettsaktivitetar. Folk nord i Åsane er like villige eller uvillige som folk flest til å betala bompengar generelt, men eit minstekrav er at ein sit att med ei kjensle av å få noko igjen for betalinga. Og så undrar jo folk seg over kvifor akkurat denne delen av Åsane, med Åsane sitt dårlegaste kollektivtilbod, skal omringast av bomstasjonar? Medan folk elles i Åsane, der busstilbodet er godt, ikkje blir tilsvarande innestengte? Vittige tunger har kalla området vårt for «Ingenmannsland», landet som ingen veit av eller bryr seg om. Det er nok ei god beskriving av kjensla folk sit med. Nokon tar også i bruk lovlege aksjonsformer – bomstasjonane var dråpen som fekk begeret til å renna over!

 

Etter at Nordhordlandsbrua opna i 1994 har trafikken over fjordstrekket auka frå 7000 bilar i døgnet til nærmare 20.000 bilar. Gjennom Eikåstunnelen, der trafikken dagleg står og stampar, passerer 27.000 bilar. Tungtrafikken utgjer 3.500 bilar pr. døgn, blant anna passerer dagleg 35 trailarar med 30.000 liter bensin frå Mongstad. (Til samanlikning: Over Bjørnafjorden, der det skal brukast 35 milliardar på ny bru, er døgntrafikken 3.200 kjøretøy). På deler av vegstrekket er breidda under 6 meter, inklusive dei kvite stripene (eg har målt sjøl, tidleg ein søndag morgon). Vegar under 6 meters breidde skal ikkje ha gul midtstripe, ifølge Statens Vegvesen sine eigne retningslinjer. Det finnest ingen annan veg i Norge med same trafikkmengde som Steinestøvegen, som er så smal. Så går det jo også galt: Sidan Nordhordlandsbrua blei bygd i 1994 har 15 menneske omkomme på strekninga, som ikkje er lenger enn 9 kilometer. Langs vegen ligg karosserirestar og vitnar om dei mange kollisjonane som ikkje når avissidene. Alle i området kjenner dagleg på frykten når ein sjøl skal inn på vegen frå ein av dei 25 små og store innkjørslene som ein finn i løpet av 3 kilometer.

Vil Bergen Næringsråd gå inn for at strekningen Vågsbotn til Klauvaneset skal byggast som første trinn i Ringveg Øst-prosjektet?

 

Tidstap og frustrasjon over tilhøva er like stor for dei 50.000 innbyggarane i Nordhordlandsområdet som brukar vegen. Nest etter Sotrasambandet er det ingen stader i Bergensområdet der folk står meir i kø.

Tunnel forbi området har vore diskutert i minst 30 år, og «Nyborgtunnelen», med innslag i Nyborgområdet låg også inne i tidlegare Nasjonale Transportplan. Ifølge den skulle tunnelen nå stått ferdig. Men det dåverande byrådet i Bergen prioriterte aldri å starta reguleringsarbeidet, og plasseringa av IKEA stansa fysisk mulighetene for eit av dei aktuelle tunnelinnslaga. Seinare har også fokuset på å minka biltrafikk gjennom Bergensdalen gjort «Nyborgtunnelen» lite relevant som vegalternativ.

I utkastet til Nasjonal Transportplan som kom i juni 2017 opplever me også at vegstrekket ikkje er omtalt i det heile tatt. Dette blei endra i sluttspurten, og strekningen Vågsbotn til Klauvaneset («Nordhordlandstunnelen») ligg nå inne som ein av strekningane i Ringveg Øst-prosjektet. Planlegginga av dette prosjektet er i gang, men korkje i Nasjonal Transportplan eller i Statens Vegvesen sin handlingsplan er det sett av midlar til strekningen før i 2028, og då ikkje med meir enn 150 millionar (av totalt omlag 5 milliardar for ny tunnel). 

Etter dagens planar skal med andre ord innbyggarar og brukarar av E39 nord i Åsane leva med ein uhaldbar trafikk– og miljøsituasjon til minimum ein gong midt på 2030 talet! 

Men, det er håp i hengande snøre, og det er etter vår oppfatning dei sentrale politiske partia i Bergen som sit med nøkkelen til håpet: Nasjonal Transportplan legg til grunn at strekningen Vågsbotn til Arna skal byggast først av delstrekningane på Ringveg Øst, men det er lagt inn opning for at rekkefølga kan endrast, dersom behova er større på andre delstrekningar. Det er med andre ord opna for at «Nordhordlandstunnelen» kan byggast som første trinn av Ringveg Øst. I så fall er det sett av midlar til bygging frå og med 2023/2024. For at dette skal skje, er Statens Vegvesen avhengig av klare politiske prioriteringar. 

Eg og andre har difor stilt følgande spørsmål til dagens byrådsparti med Bergen Ap i spissen, og til opposisjonen med Bergen Høgre i spissen: 

Vil ditt parti prioritera strekningen Vågsbotn til Klauvaneset som første byggetrinn av Ringveg Øst? 
Det same spørsmålet har me stilt til dei sentrale partia i Hordaland fylkeskommune. 

I skrivande stund konstaterer eg at Byrådet i Bergen har fatta vedtak i tråd med dette, saman med Regionrådet i Nordhordland. Veldig bra!

Eg stiller det same spørsmålet til Bergen Næringsråd: Vil Bergen Næringsråd gå inn for at strekningen Vågsbotn til Klauvaneset skal byggast som første trinn i Ringveg Øst– prosjektet?

Hylkje i mai 2018,
Jørund Vandvi



-Vi tar utfordringa!

– Ja, Bergen Næringsråd er einig i at Nordhordlandstunnelen bør byggast før resten av Ringveg Aust, svarar Atle Kvamme.
 

Ein ny «Ringveg Aust» kan halvere trafikken gjennom Bergen sentrum.


Næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd er svært glad for at byrådet i Bergen og kommunane i Nordhordland er samde om at strekninga Vågsbotn– Nordhordlandsbrua skal prioriterast. Statens vegvesen har også stilt seg open for å endre på rekkjefølgja for delprosjekta på Ringveg Aust.
– Det skal nok likevel kjempast nokre slag, og Bergen Næringsråd vil arbeida hardt for dette. Vi opplever trass i alt heilt andre problem lenger nord i Åsane. Og folket i Nordhordland har venta på ein tunnel sidan flytebrua blei opna i 1994, seier Atle Kvamme.

Sotrasambandet, E16 mot Voss og Hordfast ligg eit stykke framfor.
– Desto viktigare er det at vi startar kampen no, slik at også ringvegen aust for Bergen kan bli realisert så tidleg som råd er, seier Kvamme.

Ringveg Aust vil óg bli svært viktig for dei sentrale delane av Bergen. All gjennomgangstrafikk på E39 går i dag gjennom sentrum. Det var selskapet Arnatunnelen AS, der Bergen Næringsråd har hatt styreleiar og sekretariat, som skisserte eit vegprosjekt frå Fjøsanger til Arna, som er tenkt å halvera trafikken over Nygårdstangen. 

Statens vegvesen har følgd opp dette gjennom ein eigen rapport ”Ringveg øst og E39 nord i Åsane”, der dei vurderer strekninga Fjøsanger– Nordhordland som eitt prosjekt. 

I Nasjonal Transportplan (NTP) ligg det inne planleggingsmidlar på 150 millionar kroner til Nordhordlandstunnelen – frå Vågsbotn til Nordhordlandsbrua. Samstundes er Arna– Vågsbotn fullfinansiert i andre periode av NTP. Det er dette byrådet og grannekommunane i nord vil endre.
– Heile prosjektet treng alle gode pådrivarar for å komme i gang i denne NTP–perioden, legg Atle Kvamme til.