BY OG LAND
Arna-Voss i 2022
– Vi satsar på å koma i gang med vegen Arna– Stanghelle i 2022. Vi er godt i gang med planarbeidet, og trur vi kan starta i 2022, sjølv om midlane ligg i NTP frå 2024.
– Det vil nok gå 5-6 år å byggja dette omfattande prosjektet. Vi bør kunna vera ferdig med Arna-Stanghelle på slutten av 2020-talet, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.
Det seier regionvegsjef Helge Eidsnes. Samstundes gir han klare signal om kva som må til for at oppstarten kan skje tidlegare enn midlane frå styresmaktene skulle tilseie:
– Dette er ein strekning der vi skal byggja veg og bane parallelt. Vegen er 100 prosent finansiert i andre periode i NTP, og jernbanen 80 prosent fullfinansiert. Men får vi til ei ordning med bompengar i forkant av bygginga, kan vi koma i gang tidlegare. Derfor trur eg at vi er i gang i 2022.
Vegen Arna-Voss vart kåra som «Norges verste veg» i ein konkurranse som NRK nyleg gjennomførte. Bakgrunnen er at det har vore mange ulukker på vegstrekninga, i tillegg til at han er rasutsett.
Regjeringa har bestemt at vegen skal oppgraderast, og at veg og bane skal byggjast i same trasé til ein estimert kostnad på 33 milliardar kroner. No er førebels kostnad for Arna-Stanghelle sett til 21 milliardar kroner. Så det trengs pengar i budsjetta i åra som kjem for at vegen skal koma, og målet er å få utbygd heile strekninga frå Arna til Voss.
Planprogram på høyring – framleis 10 år til opning
I slutten av april vart planprogram for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle lagt ut til offentleg høyring. Det er høve til å gi innspel fram til 6. juli. Det er statleg plan for prosjektet, og det er Kommunal– og moderniseringsdepartementet som er planansvarleg.
– Det vil nok gå 5-6 år å byggja dette omfattande prosjektet. Vi bør kunna vera ferdig med Arna-Stanghelle på slutten av 2020-talet. Det er storleiken på midlar og når midlane kjem som avgjer framdrifta. Kjem midlane tidleg, og i stor nok mengde, kan vi også koma i gang tidlegare og vera ferdig tidlegare, avsluttar Eidsnes.
Det skal byggast veg og jernbane parallelt frå Arna til Voss. Kostnaden er rekna til 33 milliardar kroner.